Bjørn Tomren i Hosanger kyrkje
Bjørn Tomren kjem til Håsong kunstfestival for å spela konsert saman med HP Gundersen og eit stjernespekka band.
Hausten 2021 imponerte Tomren heile Norge, då han vann NRK-serien "Stjernekamp". Med sitt unike uttrykk og eineståande formidlingsevne rakk Tomren på kort tid å bli folkeeige.
No kjem han til Håsong saman med eit stjernespekka band sett saman av vår eigen sjefsmusikar HP Gundersen, som i tillegg til Gundersen sjølv, består av handball-legenda og theremin-virtuosen Cecilie Leganger, det amerikanske pianogeniet John JT Thomas, stjernebassist Øyvind Storli Hoel, gitarstjerna Erik Rolland og den eminente trommisen Stein Inge Brækhus.
Tomren kjem mellom anna til å spela frå den kritikarroste plata Oumuamua, som han gav ut saman med HP Gundersen i 2025.
Waiver
Kjøpte billettar blir ikkje refunderte.