page view image

3-retters middag // Fjærå Sjøhus

Som i 2024 er det mogleg å kjøpa billett til 3-rettars middag på Fjærå Sjøhus under Håsong. Det er to bord­setningar: Ei klokka 1630, og ei klokka 1900. Ver merksam på at det berre er 25 plassar per bordsetjing.

Information
event image
    1. Foto: Rune Langeland

    2. Bygda Hosanger, som kyrkjestad og kommunesentrum, og spesielt området rundt Mjøsvågen, har opp gjennom åra hatt mange skjenke- og serveringsstader.

    3. Fjærå Sjøhus held til i lokale som tidlegare har vore både kistefabrikk og naust, og er ei familiebedrift driven av far og son, Terje og Erlend Mjøs. Dei fører stolt vidare bygdas tradisjon med å ta imot tilreisande og bygdafolk. Men i ei ny tid, der Hosanger i større grad blir besøkt av folk frå heile verda. Mykje på grunn av Kossdalsvegen og dei 17 spektakulære svingane opp skaret i enden av dalen.

    4. Lokalet i fyrste etasje, med originale tømmerveggar og maritim innreiing, der 3-retteren blir servert, blir til vanleg brukt til pub, intimkonsertar, popup-middagar, private arrangement og meir. Fjærå Sjøhus har lova oss ein spanande meny med mellom anna sjøkreps og breiflabb, og me håpar så mange som mogleg har lyst til å få med seg årets 3-rettar under Håsong.

    5. Meny 3-rettar
    6. Sjøkrepssuppe
      rotgrønsaker · sjørogn · rista surdeigsbrød · ramslauksmør
      Breiflabb
      Brokkolini · pastinakkpuré · spekeskinke · kantarellsaus
      Chantillykrem
      fersk frukt · sitroncurd

mat

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte.