page view image

Kyrkjekonsert med The Last Hurrah (!!) Big Band

The Last Hurrah (!!) Big Band inviterer til ei unik og vakker reise i ord og tonar i Hosanger kyrkje. Me får høyra eksotiske instrument som verdsklasse steelgitar, klassisk theremin, kyrkjeorgel, guzheng og mellotron, nydelege vokaltolkingar og fleirstemd song.

Informasjon
event image

Hans Petter Gundersens prosjekt The Last Hurrah (!!) har gjeve ut fire album sidan 2011, og alle har høsta fantastisk kritikk i inn og utland. Det siste albumet, Modern Nostalgia, kom ut i fjor og fekk heile 9/10 i britiske Maximum Volum og 8/10 i Americana UK.

I tida frå 2011 har over 30 musikarar frå øvste hylle vore innom. Me kan nemna: Jon Irabagon, Miranda Lee Richards, Nils Einar Vinjor, John Thomas, Marty Rifkin, Silje Solberg og Jørgen Sandvik. Av geografiske årsaker har The Last Hurrah(!!) halde få konsertar, men om dei få som er haldne, som på Bergensfest med Miranda Lee Richards, og på Vossajazz, går det framleis gjetord.

HP har sett saman eit spesielt utval frå katalogen sin til konserten under Håsong 2024, som han meiner vil høva i kyrkjerommet. I tillegg til den noverande bandkonstellasjonen, får me også eit møte med den engelske pedal steel gitaristen Sara Jory, som skal spela på Mjøsvågen Landhandleri seinare på kvelden. Dette vil garantert bli ei unik oppleving!

Medverkande musikarar:

  • Hans Petter Gundersen: gitar

  • Maria Due: vokal, gitar, perkusjon

  • Sgt Petter: gitar, piano, vokal

  • Cecilie Leganger: piano, kyrkjeorgel, theremin

  • Sarah Jory: pedal steel gitar

  • Ben Eriksen: gitar, mellotron, piano

  • Nora Yuyue Zheng:  guzheng

  • Andreas Naustdal: bass

  • Stein Inge Brækhus: trommer

konsert

Restriksjoner

Arrangementet er ope for folk i alle aldrar. Obs! Inga servering i Kyrkja.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refundert.