page view image

Dobbeltkonsert med Sarah Jory og Bearfarm. Musikalske kontrastar.

Festivalen får besøk av ein smått legendarisk pedal steel gitarist frå England. Dessutan kjem Bearfarm, eit liveband som kan levera alt frå ambient atmosfœrisk musikk til knallhard dansemusikk, spela med live akustiske instrument og synthar, og med ein god dose elektroniske effektar. Dette blir ei spanande musikalsk reise, der det ikkje er forbode å ta på seg danseskoa om ein skulle føla for det!

Informasjon
event image

Sarah Jory

Til historias fyrste Håsong er me så heldige å få besøk av engelske Sarah Jory. Ho har mellom mykje anna vore turnémusikar for Van Morrison, og medverkar på fleire av albuma hans. Sarah er også songar og gitarist, og har gjeve ut fleire soloalbum. 

Dette blir ein konsert der Sarah spelar frå eige materiale, backa av gitarist Erik Rolland og musikarar frå The Last Hurrah(!!). Det kan nemnast at Sarah, tidlegare på dagen, er gjestemusikar under konserten med The Last Hurrah (!!) Big Band i Hosanger kyrkje.

Medverkande:

  • Sarah Jory
  • Erik Rolland
  • Stein Inge Brækhus
  • Andreas Naustdal
  • Ben Eriksen

Bearfarm

Gjennom årevis med musikalsk eksperimentering har Bearfarm utvikla ein unik lyd og kommunikasjon seg imellom. Så når musikken (som er improvisert) blir spela, risikerer ein å bevege seg innan eit vidt stilspekter, og vitsing med klisjear er ikkje til å unngå. Bandets einaste interesse er å skapa gode vibbar og kosa seg på scena og saman med publikum. 

Mederkande:

  • Audun Waage: trompet, synthar, samplarar, perkusjon
  • Alexander Grieg: kontrabass, lydeffektar, synthar
  • Jonas Raabe: synthar, modular, samplarar, trommemaskiner
  • Jørund Gundersen: trommer, synthar

konsert

Restriksjoner

Det er 18 års aldersgrense på dette arrangementet.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refundert.