page view image

DS Oster til Håsong 2024

Ta gamle dampen frå Dreggekaien i Bergen til Hosanger, der du kan oppleva utstillingar, performancekunstnarar, konsertar, lokal mat og foredrag!

Informasjon
event image

Til fyrste utgåva av Håsong kunstfestival har fått med oss sjølvaste DS Oster, den verkelege "gamle dampen", som Ivar Medaas gjorde landskjend.

Tar du Oster til Håsong 2024 kan du få med deg kyrkjekonsert med The Last Hurrah (!!) Big Band i Hosanger kyrkje, oppleva performancekunst, utstillingsopning, lokal mat laga av eminente kokkar og kveldskonsertar

DS Oster er ein vetarnbåt som vart sjøsett i november 1908, og var med på å binda by og land saman heilt fram til 1964, og har ein heilt spesiell plass i hjarta til folk som bur langs Osterfjorden. 

Båten går frå Dreggekaien kl. 0930 

Obs! Kun 99 billettar. Oster går ikkje tilbake til Bergen. Evt retur med festivalbuss eller rutebuss frå Hosanger.

veteranbåt transport

Restriksjoner

Oster er ein gamal veteranbåt. Dersom du har spesielle behov for reisa er det viktig at du avklarar dette med oss på førehand.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte.