page view image

DS Oster // Håsong 2026

Ta den historiske dampbåten Oster frå Bergen sentrum til Håsong kunstfestival! Turen ut byfjorden, opp Osterfjorden til Mjøsvågen og Hosanger kai tek om lag to og ein halv time. Om bord får du kjøpt kaffi, drikke og noko å bita i, dersom du skulle få lyst på det.

Obs! Få billettar!!!

Informasjon
event image

Ta gamle dampen frå Bergen sentrum til Hosanger 27.06.2026, der kan du oppleva utstillingsopning, mykje ulik performancekunst, konsertar, mat, aktivitetar og mykje anna (for folk i alle aldrar).

Foto: Petter Lønningen/Håsong 2024 // Ankomst DS Oster til permformance av Bjørn Venø

I samarbeid med Nordhordaland Veteranbåtklubb

transport

Restriksjoner

Barn må reisa i fylgje med vaksen.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.