© TicketCo AS 2026.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.

Alle som har høyrt Bjørn Tomren veit at han har ei stemme heilt utanom det vanlege. Han beherskar både jodling, strupesong og dei fleste andre songformer.
No kjem han til Håsong saman med eit stjernespekka band sett saman av vår eigen sjefsmusikar HP Gundersen. Han kjem mellom anna til å spela frå den kritikarroste plata Oumuamua, som han gav ut saman med Gundersen i 2025.
Hausten 2021 imponerte han heile Norge då han vann Stjernekamp på NRK. Med sitt unike uttrykk og eineståande musikalske formidlingsevne, rakk Tomren på kort tid å bli folkeeige. I tillegg til at han no er på musikalsk turné, er Tomren aktuell som skodespelar i NRK-serien Våre beste år.
Medverkande musikarar:
Bjørn Tomren (vokal)
Hans Petter Gundersen (gitar)
John Thomas (tangentar)
Erik Rolland (gitar)
Øyvind Storli Hoel (bass)
Stein Inge Brækhus (trommer)
I samarbeid med: Osterøy Sokn
Sponsa av: Hosanger kyrkjeforeining