page view image

Rosa Pullman på Mjøsvågen Landhandleri

Rosa Pullman er ein heilt spesiell folkrock-/americana-artist med base i Los Angeles. Ei nærast overnaturleg blanding av livsglede og livsrøynsle gjev ho ein magnetisme som hoppar ut av høgtalarane og gjer scena elektrisk.

Information
event image

Låtane hennar vev eit teppe av menneskelege røynsler, der ho utforskar harde sanningar med ein gyllen varme. Konsertane hennar nære, sterke og uforgløymelege, og me er ekstremt godt nøgde med at Rosa spelar på under Håsong 2026. 

Den særprega stemma til Rosa har reist vidt og nådd lyttarar over heile verda, både gjennom turnéar og i TV-seriar som Supergirl, Lucifer, Nashville, Virgin River og mange fleire. I 2019 spelte ho mellom anna under Bergen International Americana Festival, ein todagarsfestival på Ole Bull Scene med Hans Petter Gundersen som primus motor.  

Medverkande musikarar:
John Thomas (tangentar)
Erik Rolland (gitar)
Hans Petter Gundersen (gitar)
Øyvind Storli Hoel (Bass)
Stein Inge Brækhus (trommer)

I samarbeid med: Mjøsvågen Landhandleri
Sponsa av: Mjøs Metallvarefabrikk AS

konsert

Restrictions

Aldersgrense: 18 år

Waiver

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte.