SØK ETTER ARRANGEMENTER
Ta den historiske dampbåten Oster frå Bergen sentrum til Håsong kunstfestival! Turen ut byfjorden, opp Osterfjorden til Mjøsvågen og Hosanger kai tek om lag to og ein halv time. Om bord får du kjøpt kaffi, drikke og noko å bita i, dersom du skulle få lyst på det.
Obs! Få billettar!!!
Som i 2024 er det mogleg å kjøpa billett til 3-rettars middag på Fjærå Sjøhus under Håsong. Det er to bordsetningar: Ei klokka 1630, og ei klokka 1900. Ver merksam på at det berre er 25 plassar per bordsetjing, og at berre den siste bordsetninga kan kombinerast med Bjørn Tomren-konsert.
Bjørn Tomren kjem til Håsong kunstfestival for å spela konsert saman med Hans Petter Gundersen i Hosanger kyrkje. Dette blir ein konsert der du kan få oppleva den unike stemma og karakteren til Tomren, saman med Gundersen og eit fantastisk, spesialkomponert band for anledninga.
Rosa Pullman er ein heilt spesiell folkrock-/americana-artist med base i Los Angeles. Ei nærast overnaturleg blanding av livsglede og livsrøynsle gjev ho ein magnetisme som hoppar ut av høgtalarane og gjer scena elektrisk.
Transport for deg som vil koma deg til Arna/Bergen etter at det offisielle programmet på festivaldagen er over. Togbillett frå Arna til Bergen må kjøpast separat (Vy/Skyss). For å vera garantert plass med festivaltransport må du kjøpa billett innan søndag 21. juni kl 13.
